NYHENDE

Fjorden bikini!

Publisert: 09/04/2022 oppdatert: 11/04/2022

Sjølvsagt må Hjørundfjordstrikk ha sin eigen strikkabikini! 

I Hjørundfjorden er vinteren laaang. As we speak, lavar snøen ned. Kalenderen viser 9. april og absolutt ingenting minner oss om at vi er komen til den 2. vår-månaden i året, som vi utruleg nok er.  

Medan vi drøymer om varme sommardagar og ein dukkert i verdas finaste fjord, har Hjørundfjordstrikk designa ein bikini, nettopp til slike varme dagar. Men vi tullar med at den kanskje eignar seg best til isbading, ja, sidan den er strikka i ull og denne vinteren ser ut til å aldri ta slutt.

Mønsterelementet til bikinien er funne i vevnaden til Marie, som også har gitt inspirasjon til vårt nyaste design, Mariegenseren. 

Så får det berre snø så lenge. Vi trøstar oss med at folk strikkar som aldri før, og gjer det mogleg for oss å skape nye berekraftige avtrykk i ull.

Vår supre garnforhandlar Rauma Garn har sponsa oss rikeleg med garn til ein Giveaway på lanseringsdagen tysdag 12. april. Følg med i våre SoMe- kanalar! 

 

Siste nytt

chat

Chat med oss

x