NYHENDE

Ferdigstrikk

Publisert: 20/09/2021 oppdatert: 20/09/2021

Vil du ha ein varm og kjempefin ullgenser som varer i fleire generasjonar? 

Vi tilbyr ferdigstrikk av jubileumsmodellen av Hjørundfjordgenseren "Lys blå vinter".   

Hjørundfjordgenseren er strikka i 100% norsk ull frå Rauma Garn.  Den bærekraftige investeringa held deg varm, og er dessutan ganske så fin, synest vi. 

Korleis bestille ein ferdigstrikka genser? 

Ta kontakt med oss på post@hjorundfjordstrikk.no 

1. Skriv kva størrelse du ønsker, og om det er dame- eller herremodell.  Vi sjekkar opp om nokon av våre 9 fantastiske strikkarar har muligheit til å ta oppdraget.

2. Når du får tomlane opp på dette spørsmålet, bestiller du ein genser i ønska storleik og sender oss måla dine på eit skjema.

3. Når bestillinga di i nettbutikken er registrert, sender vi garnpakken til strikkaren. Etter nokre veker får vi tilbake ein fiks ferdig genser. Om vi er fornøgd med arbeidet sender vi genseren til deg når du har betalt for strikkinga. Sjå prisliste under bilda. Betalinga av ferdigstrikket skjer altså i to omganger.  

Til "Hjørundfjordgenseren Lys blå vinter" får du med ein merkelapp i ekte lær med logoen vår som du kan sy på der du sjølv måtte ønske. 

 

chat

Chat med oss

x