NYHENDE

Feil garnmengd i Hildegunn-kofta

NA Publisert: 01/04/24     NA oppdatert: 02/04/24
I strikkebransjen er det lett å gjere feil. Då er det berre ein ting som gjeld: rette opp!  

Vi har oppdaga at garnmengda på Hildegunn-kofta er feil. Det viser seg at du mest sannsynleg har fått for mykje Finull i mønsterfargen, der det berre skal vere 100 g i alle storleikar, og for lite av Plum i botnfargen. Der skal rett mengde vere 75 g - 75 g - 100 - g 100 g 100 g.

Vi tenkjer at du får behalde det ekstra garnet med Finull, kanskje du vil strikke deg eit Gråkolleskjerf (mønster ligg i nettbutikken vår som nedlastbar PDF-fil). I tillegg sender vi deg gjerne Plum fraktfritt, der du får dei manglande nøsta til halv pris, dvs. 50 kr pr nøste. Elles går det fint an å handle hos ein Rauma Garn forhandlar om du ikkje har tolmod til å vente på garnet frå oss.

Ta kontakt med oss på telefon nr 911 08 846, så ordnar vi opp så fort som vi kan.

Vi beklager så utruleg mykje, og håper dette kan vere ei rimeleg løysing for alle partar når det først blir floke på tråden.

(Gjeld for alle som har handla pakke før 22. mars).

 

chat

Chat med oss

x