NYHENDE

Fæbrikstad here we come!

NA Publisert: 01/04/24     NA oppdatert: 02/04/24
Det er ei stund til, men helga 14.-15. september pakkar vi snippøskja og drar mot Vikingskipet på Hamar! 

Det er nok meir enn berre snippøskja som må fyllast opp når Hjørundfjordstrikk skal ut på tur i midten av september. Til standen vår tek vi med oss alle dei eineståande strikkedesigna våre!  Kanskje har vi med nokre kjekke overraskingar! Og vi skal heilt klart vere gode ambassadørar for fjorden som vi er så utruleg glad i! 

Fæbrikstad og Hjørundfjordstrikk deler mange av dei same verdiane. Vi ønskjer kortreist og berekraftig verdiskaping. Gjenbruk er heilt topp, og tekstilane som vi kjøper vil vi skal vare lenge. 

Vi gler oss stort til å delta på Nordens grønaste klesfestival! 

Les meir om utstillarane her: 

https://faebrik.no/pages/oversikt-utstillere

Då har vi vore på to festivalar i år! Sunnmøre strikkefestival i mars og Fæbrikstad i september. 

chat

Chat med oss

x