NYHENDE

Eit bærekraftig landbruk

Publisert: 03/12/2021 oppdatert: 14/12/2021
På Urke i Hjørundfjorden ligg Olagarden. Eit lite småbruk som held sau, og nokre grisar. I bygda bur det 40 fastbuande, og til saman er der to små gardsbruk som er i drift.  
I Olagarden er dei opptatt av eit bærekraftig landbruk, og at dei små bruka skal overleve.
 
- Vi vil så inderleg at det skal vere levande bygder med lys i kvart eit vindu, seier Stine Leira Rist som driv Olagarden saman med Christian. Der finst også ei odelsjente på garden. Synnøve på 2 år. 
 
- I stupbratte fjellsider kan ein ikkje drive med "industrilandbruk». Ein må tilpasse seg størrelsen på bruket og utnytte dei ressursane ein har. Derfor valgte vi å starte med gamalnorsk spelsau, som er ei gamal rase med aner heilt tilbake til vikingtida. Dei er både nøysame og hardføre, og dei klarer godt å utnytte seg av høgfjellsbeite om sommeren og godt grovfôr om vinteren. Dei klarer seg også fint utan bruk av kraftfôr.
 
- For oss så er dette bærekraftig. Det handlar om å bruke og utnytte det ein har. Å utnytte ressursar frå naturen der det ikkje er mulig å dyrke andre ting. Å jobbe på lag med naturen og vedlikehalde kulturlandskapet som vi har i Hjørundfjorden er så viktig. Då vil naturen halde fram med å vere open, og det vil også i fremtida vere mulig å busette seg her og drive med landbruk. Slik at neste generasjon også kan produsere sunn og bærekraftig mat!    
 
- Eit bærekraftig landbruk er viktig for meg. Og eg blir så glad når lokale bedrifter satsar på bærekraftige produkt frå norsk landbruk! For det er absolutt ikkje gitt at den strikkegensaren du har på deg er laga av ull frå norske sauer. Hjørundfjordstrikk brukar kun 100% norsk ull i produkta sine, og dei er gode og varme i tillegg. Og så er dei vanvittig flotte, meiner Stine, som sjølv har på seg ei Bææærekraftkofte frå Hjørundfjordstrikk. 
 
-Neste gang du skal strikke, sjekk om garnet er laga av norsk ull! Slik støttar du norske bønder, oppmodar Stine. 
FOTO Ida Kippersund 
 
Med Bææærekraftkofta ønsker vi å gjere samtida bevisst på fordelane ved ull som det aller mest berekraftige tekstilet vi har.
 
I ein sirkulær økonomi utnyttar ein naturressursar og produkt effektivt og så lenge som mogleg, i eit kretsløp der minst mogleg av ressursar går tapt.
 
I ein sirkulær økonomi må produkta vare så lenge som mogleg, bli reparert, oppgradert og i større grad brukast om igjen. Når produkta ikkje kan brukast om igjen, kan avfallet gjenvinnast og brukast som råvarer i ny produksjon.
 
 

Siste nytt

chat

Chat med oss

x