NYHENDE

Ein bit av Hjørundfjordstrikk?

Publisert: 04/01/2022 oppdatert: 04/01/2022
Er du forhandlar av Rauma Garn og vil ha den populære Bææærekraftkofta i sortementet?

Vi får stadig spørsmål frå forhandlarar som ønsker å selge vårt design fysisk i butikkane sine.

 

Det skulle vi gjerne ha sagt ja til, men pr. no blir det for stort å administrere for ei lita familiebedrift inst inne i ein fjord.

 

Derimot kan vi no tilby fysiske mønster til Bææærekraftkofta til garnbutikkar som forhandlar Rauma Garn. Det som er bra med det er at vi då får formidla det fine bodskapet som ligg i både design og materialbruk.

 

Send oss gjerne ein uforpliktande førspurnad til e- postadressa post@hjorundfjordstrikk.no, så svarer vi så fort vi kan.

 

OM KOFTA

 

Plagget, som med sine røter går fleire hundre år tilbake i tid, har fått namnet Bææærekraftkofta og kjem som damemodell i to fargevariantar.

 

Med kofta ønsker Hjørundfjordstrikk å vise tidsånda som råder, der ønsket om å bevare kultur, natur og miljø står sterkt.

 

Bæærekraftkofta er ein hyllest til sauen og sauebonden som tar

del i dette fantastiske kretsløpet

Marita Bett Aakre

 

Aakre debuterer som strikkedesignar med Bææærekraftkofta. Ho er elles kjent for sin billedkunst og for å drive kunst- og kulturformidling i middelaldertunet på Bjørke, som har status som nasjonal verdi og er Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun.

-Tradisjonar med sauehald er bytta ut med kunst- og kulturformidling fra dei gamle tømmerbygningane som er datert heilt tilbake til 1549. Kanskje er det bruddet i denne tradisjonen som får meg til å tenke nytt rundt formidling. I vaksen alder ser eg også tydeleg kor viktig sauen har vore, og framleis er, for det norske folk. Beitedyr og planter har i tusenvis av år verka saman, og i Noreg har vi no over to millionar sauer på utmarksbeite om sommeren som utnyttar ressursane i høgfjellet. Det er gratis mat som vi elles ikkje kan gjere oss nytte av.

Med sauen i fjellet får vi også eit artsrikt kulturlandskap som ikkje gror igjen. Men det beste av alt, er at vi får både kjøtt og ull tilbake. Det geniale med sauehald er det bærekraftige aspektet. Av ulla kan vi lage varme plagg. Tekstiler som varer i mange generasjonar fordi dei har god elastisitet og slitestyrke. At plagga av ull er laga av ei kjær hand gjer også sitt til at vi tek ekstra godt vare strikkeplagg, sier Aakre.

Sauen i kofta er henta fra logoen til Hjørundfjordstrikk. Dei liggande åttetala er eit symbol på bærekraft og evigheit. Fra naturen er fjelltoppar, rogneblad og rognebær henta inn.

- Dei organiske blada symboliserer minnet fra barndommen min der bestefar sanka inn friske rogneblad til sauene. Fargane i de to koftene er hentet fra haustfargane i naturen, fortel Aakre. 

Kofta har eit kort og moderne snitt med «posete» ermar som kan strikkast med lange vrangbord, sistnemte eit element i Hjørundfjordstrikk sitt design som etter kvart har blitt eit lite kjennemerke.

Bææærekraftkoften blir strikka i 100% norsk ull fra Rauma Garn.

chat

Chat med oss

x