NYHENDE

DRAUMAR...

Publisert: 26/02/2022 oppdatert: 26/02/2022
Alpegenseren blei til fordi nokon hadde draumar! 

Å drøyme eller ønske seg bort til andre stadar enn der vi er akkurat no er ein del av det å vere menneske, og som har blitt gjort i århundrar. 

Reise bort. Emigrere. Draumar om velstand i Amerika. Draumar om å bli fotballproff i England. Draumar om eit betre liv ein kvann plass. Eller berre ein tur til Syden i ei mørk og regntung tid. Eller meir alvorleg. Å reise frå eit krigsherja land.

Draumar kan innehalde så mykje, forma av tida og miljøet vi lever i. Truleg finst det like mange draumar som det finst menneske på denne jordkloda. 

Hjørundfjordstrikk blei til fordi vi ønska å gi reiselivet i Hjørundfjorden eit kvalitetsprodukt. Troll "made in China" skulle ikkje vere eit reiselivsprodukt som nokon tok med seg frå denne kant. 

Medan vi var i idèfasen til Hjørundfjordgenseren, blei landet nedstengt pga pandemien, og vi måtte tenke nytt. Med det blei hjorundfjordstrikk.no etablert og med eit mål om å drive formidling av natur - og kulturarv frå Hjørundfjorden til eit nasjonalt publikum. 

Når vi no lanserer Alpegenseren er det framleis med visjonen om å setje Hjørundfjorden på kartet med strikk.  

Då er det klart at vi må lage ein film som viser litt av det fantastiske landskapet vi bur i! 

Kos dykk med filmen frå hjartet av Sunnmørsalpane <3 

MUSIKK AV STIG ULV

PRODUSERT AV TIND MEDIA 

 

 

Siste nytt

chat

Chat med oss

x