NYHENDE

DESIGNPROSESSAR OG LEVEBRØD

Publisert: 24/05/2022 oppdatert: 28/05/2022
Det tek lang tid å utvikle eit nytt strikkedesign. Frå idè til ferdig produkt ligg det ein tidkrevjande og langsam prosess.

Frå idè til gjennomføring

Ein idè er gjerne bygd på kunnskapar og erfaringar, eit kreativt sinn som har blitt eksponert for ymse impulsar i eit miljø. Ideen skal ned på papiret, og blir skissa i mange variantar. Form, farge og mønster skal fungere saman. Der ligg svimlande mange muligheiter i eit strikkedesign.

 

I ein god designprosess tek ein igjen ideen mange gangar. «Kill your darlings» er eit kjent uttrykk i bransjen, som handlar om å gjere valg, som også inneberer å velge vekk dei tilsynelatande gode ideane. Pushe seg litt til, og sjå kva nytt som dukkar opp. Hjerna er fantastisk på dette området. Det er utruleg kva ein kan klare å få til om ein berre gir noko energi, har uthald og tolmod til å vente på den beste ideen.

 

Etter den vide idemyldringsfasen går ein inn i ei utvelgingsfase og ei gjennomføringsfase. Å strikke prøvelappar for å teste ut om fargar fungerer. Strikkefastheit må kontrollerast. Så blir teknisk redaktør kobla på saka, og eit mønster blir skissa. Denne fasen er også ekstremt tidkrevjande. Eit skikkelig prikearbeid der ein verkeleg må ha tunga beint i munnen. Paralellt med mønsterskrivinga, strikkar ein den første prototypa. Fungerer ikkje denne er det berre å rekke opp att og byrje heilt på nytt.

 

Kvalitetssikring

Når første mønster er klart, er det også klart til teststrikking. Då blir fleire dyktige strikkarar kobla til det nye designet, og dei får utdelt garn og første utkast av eit mønster. Strikkarane kjem med tilbakemeldingar om dei finn feil i mønsteret eller om der er noko som burde ha vore presisert. Ein kritisk teststrikkar er bra! Den detaljorienterte og pirkete typa som klarer å kommunisere til oss kva som er feil i mønsteret dei strikkar. Dei likar vi å ha med på laget! 

 

Rettskriving og eit godt strikkespråk er også viktig, synest vi. Derfor blir dei fleste mønster sendt til språkvask.

 

Tidsbilete

Så byrjar vi kanskje å nærme oss slutten. Gode bilete av produktet er viktig. Potensielle modellar blir kontakta, gjerne i nær omgangskrets. For Hjørundfjordstrikk er det også viktig at bakscena er med på å fortelje eller understreke historia til designet. Ein knall rosa Hjørundfjordvest foran Operaen i Oslo skal vise at dette er eit besteplagg. Plagget du har på når du skal vere ekstra pen. Når du skulle til byen. Vi legg enormt mykje i det visuelle uttrykket, og av og til bommar vi, men som oftast treff vi. Ei bevisstheit rundt kva vi ønsker å formidle ligg alltid i botnen.

 

Når bilete og tekst er ferdig er det å gå vidare til det grafiske oppsettet. I InDesign lagar vi mønsteret brukarvenleg. Lesarvenlege rapportar, og nok bilete som skildrar. Oppskriftene til Hjørundfjordstrikk skal vere så fine at du ønsker å ta vare på dei til barnebarna. For eit design frå Hjørundfjordstrikk viser eit tidsbilete. Frå livet her og no, samtidig som det tek med seg ein bit av kulturhistoria.

 

Levebrødet

Ressurskrevjande? Ja, det kan vi skrive under på at det er!

 

Å gå inn i denne bransjen har vore ei ny erfaring. Dei positive opplevingane har vore mange. Så har det blitt nokre mindre positive opplevingar.

 

Det er fole kjekt å sjå så mange genserar i bruk. Å smile til ein passerande i ein Hjørundfjordgenser. Eit lite nikk. Å ha sett sin signatur på ei lite stykke tekstilhistorie frå staden ein kjem frå. Det er stor stas!

 

Vi opplever det dessutan som veldig positivt om nokon tek direkte kontakt med oss om dei har oppdaga ein feil i oppskrifta. I staden for å kviskre om det på strikkekafeen eller til tilfeldige personar. Då får vi sjansen til å rette opp i feilen, utan at det skal danne seg eit negativt rykte og "etablerte sannheiter" som nødvendigvis ikkje stemmer. Feil skjer, same kor godt ein kvalitetssikrar. Det gjer det sjølv hos dei store og godt etablerte strikkebedriftene. Men gi oss iallefall ein sjanse til å rette opp i feila. 

 

Ein annan ting som vi har opplevd som negativt med å drive ei strikkebedrift er når vi oppdagar at mønsteret har blitt kopiert eller delt.

 

Det må vere den som har utvikla mønsteret som får den økonomiske gevinsten. For kvar snarveg som blir tatt, tek du frå designaren litt av levebrødet.

 

Ho som strikkar "20" Hjørundfjordgenserar på eit år, og som startar å selge frå eiga verksemd. Eller soom strikkar på bestilling til heile bygda. Desse bestillingane skulle ha gått gjennom oss, som har hatt arbeidet med å utvikle designet. Å vidareselge andre sine design er langt ifrå god strikkeetikk. 

 

VÅRT SYN PÅ GOD STRIKKEETIKK

 

Har du kjøpt garnpakke hos oss kan du strikke så mange produkt som du ønsker til deg sjølv eller andre i familien din.

 

Strikkar du på bestilling, ønsker vi at du oppfordrar dei som bestiller til å handle garnpakke gjennom oss.

 

Det er ikkje lov til å selge våre design kommersielt utan avtale med oss.

Spør om løyve og du vil få ein god pris på garn og eit serfitikat som høyrer med kvart design.

 

Det er SJØLVSAGT ikkje lov til å dele eller kopiere mønsteret.

 

Mange vil ha andre fargar eller strikke i ein annan garnkvalitet. Då kan du spørre om å kjøpe mønsteret hos oss.

 

Eigentleg er det såre enkelt:

 

Går du rundt i ein nydeleg fin genser frå Hjørundfjordstrikk, er det Hjørundfjordstrikk som har fått den økonomiske gevinsten av dette.

 

Forhåpentligvis var dette litt forklarande, men forhåpentligvis ikkje ei banebrytande nyheitssak.

 

God og rettferdig strikking frå Hjørundfjordstrikk!

 

 

 

Noko av det kjekkaste med Hjørundfjordstrikk er å jobbe med idear og konseptutvikling. Her er så mykje å spele på! Natur, historier og kulturarv er det vi ønsker å formidle gjennom Hjørundfjordstrikk. 

 

Det er ikkje alle idear som blir noko av, og nokre må leggast på is. Dvs. dei må modnast. Som denne dekor-ideen til ei heilt spesiell kofte. Bunaden er sydd av Petrine som ein gang budde på Øye i Norangsdalen.  

 

 

 

 

 

 

chat

Chat med oss

x