NYHENDE

Damene med den gode idéen

Publisert: 25/08/2020 oppdatert: 20/09/2020
Hjørundfjordsktrikk AS - frå ide til realitet på rekordtid. Nedanfor får du lese meir om damene bak Hjørundfjordstrikk AS, og korleis idéen fekk liv.

Linda Olason Erdal El´Mourabit

Eg har mine røtter i Erdalen, fremst framme i Barstadvika i Ørsta kommune. Her vaks eg opp med ei bestemor som lærte systra mi og meg å strikke, og dette er ein hobby og lidenskap som har fulgt meg sidan. Eg er gift med Mounir, og vi har to flotte jenter saman. Vi bur i Volda, og her trives vi godt. Eg er utdanna barnevernspedagog, og har ein bachelor i kunst og handverk. Eg jobbar deltid på Intersport i Volda, og dette gjer at eg får kombinert to av dei tinga eg likar aller best; friluftsliv og strikking.

Då eg i 2014 jobba med bacheloroppgåva mi i Kunst og handverk, fekk eg for alvor opp augene for eige design. I Bacheloren jobba eg med problemstillinga: Korleis kan eg utvikle mønster og form til ei lusekofte med referansar både til gamle tradisjonar og dagens motebilete.

I kjølvatnet av bacheloren hadde eg fleire uprøvde idear, som krevde å få komme ut, og dette førte til at eg meldte meg på ulike design-og strikke konkuranser. Eg fekk delt fysteplass med min Feforvott, og i facebokgruppa Koftegruppa gjekk eg av med sigeren om å skape koftegruppe-kofta. Denne oppskrifta vart publisert i vekebladet Familien i april 2016. I etttertid har eg jobba av og på med ulike design.

Då eg vart kontakta av Marita Bett, med spørsmål om eit samarbeid om å skape eit eige strikkedesign for Hjørundfjorden, trengde eg ikkje lang tid på å bestemme meg; Dette ville eg vere ein del av.

Marita Bett Aakre 

Eg fekk ideen til Hjørundfjordstrikk då ein sambygding, Cecilie Rørstad, snakka om at ho ønskte å få laga eige garn av ulla frå sauene sine. Dette synest eg var ein så god idè at eg sa at vi burde få designa ein genser som kunne vere ein Hjørundfjordgensar, der vi brukte nettopp dette garnet. Eg tok kontakt med Ørsta Næringskontor og Helen Sivertstøl for å diskutere ideen. I denne samtalen blei eg tipsa om Linda som ein flink strikkedesignar. 

Marita Bett Aakre (f. 1976) er født og oppvaksen på Bjørke i Hjørundfjorden. Ho har to døtre som er født i 2000 og 2001.  I 2010 opna ho dørene til Bakketunet som er Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, og som har status som nasjonal verdi. Tunet er ope for individuelt besøkande på sommarstid og tek i mot grupper heile året. Sommartid er tunet fylt med kunst og handverk, der er matservering, og tunet har ei viktig rolle under festivalen Indiefjord. Utan om å drive slektsgarden i skuldersesongen, underviser Marita Bett i Visuell kunst på Volda og Ørsta kulturskule. Når ho har tid driv ho også med eige skapande arbeid innan billedkunst. Det kan også nemnast at Marita Bett er spesielt historieinteressert og opptatt av å finne nye og aktuelle måtar og drive formidling på. For arbeidet ho har lagt ned med drifta av Bakketunet har ho fått Ørsta kommune sin kulturpris i 2016 og Norsk kulturminnefond sitt formidlarstipend i 2017. Og Volda mållag sin Målpris i 2019 for god bruk av nynorsk i marknadsføringa av Bakketunet. 

 

chat

Chat med oss

x