BÆÆÆrekraftkofta 1 år!
Hjørundfjordstrikk hadde sin spede start i Bakketunet på Bjørke i 2020. Det heile begynte med ideen om å lage eit geografisk strikkedesign for Hjørundfjorden. Vi ønska eit lokalt og bærekraftig produkt, som samtidig kunne formidle både natur og kulturarv i frå Hjørundfjorden.
Hjørundfjordgenseren er nok det mest kjente designet frå Hjørundfjordstrikk, ein genser som er strikka i 100% norsk ull og ber med seg mønsterelement frå ein vevnad frå fjorden. Sidan lanseringa av Hjørundfjordgenseren har vi gitt ut over 20 nye design!
I desse dagar fyller altså det høgst aktuelle designet eitt år! Bææærekraftkofta som er strikka i 100% norsk ull, og hyllar sauen og dei bærekraftige sidene ved sauehald.
Det markerer Hjørundfjordstrikk med å gi ut Bææærekraftvottar og ny farge som vi har kalla Rosa haustlyng.
Med kofta ønsker Hjørundfjordstrikk å vise tidsånda som råder, der ønsket om å bevare kultur, natur og miljø står sterkt.
Bæærekraftkofta er ein hyllest til sauen som tek del i eit fantastiske kretsløpet.
For eitt år sidan debuterte Marita Bett Aakre som strikkedesignar med kofta. Ho er elles kjent for sin billedkunst og for å drive med kunst- og kulturformidling i Bakketunet på Bjørke, middelaldertunet som har status som "nasjonal verdi" og er Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun.
- Tradisjonar rundt sauehald er bytta ut med kunstformidling frå dei gamle tømmerbygningane, som er datert heilt tilbake til 1549. Kanskje er det bruddet i denne tradisjonen som får meg til å tenke nytt rundt formidling. I vaksen alder ser eg tydeleg kor viktig sauen har vore, og framleis er, for det norske folk. Beitedyr og plantar har i tusenvis av år verka saman, og i Noreg har vi no over to millionar sauer på utmarksbeite om sommeren som utnyttar ressursane i høgfjellet. Det er gratis mat som vi elles ikkje kan gjere oss nytte av. Med sauen i fjellet får vi også eit artsrikt kulturlandskap som ikkje gror igjen. Men det beste av alt, er at vi får både kjøtt og ull tilbake. Det geniale med sauehold er det bærekraftige aspektet. Av ulla kan vi lage varme plagg. Tekstiler som varer i mange generasjonar fordi dei har god slitestyrke, og er laga av ei kjærleg hand.
Sauen i kofta er henta fra logoen til Hjørundfjordstrikk. Evighetssymbolet med liggande åttetal er eit symbol på bærekraft. Fra naturen er fjelltoppar, rogneblad og rognebær henta inn.
- Dei organiske blada symboliserer minnet fra barndommen min då bestefar sanka inn friske rogneblad til sauene. Fargevariantane har henta sin inspirasjon i frå haustfargane i naturen. Kofta har eit kort moderne snitt. Den har også «posete» ermar og kan strikkast med vrangbordermar, som Hjørundfjordstrikk etterkvart har fått som eit lite kjennemerke, seier Aakre.
Vi feirar eittåringen med gratis frakt på Bææærekraftkofta tom. 8. oktober.
Fedrelandet med sine mange vidder. Klart det skal beite sauer her! På Jetta i Vågå har sauene til Ingrid Blessom frå Nordigarden Blessom kosa seg ein heil sommar.
Foto: Tind Media
Siste nytt
-
ROSA SLØYFE + ROMANTIKKSTRIKK
13/10/23
-
-
Takk for oppdraget!
14/07/23