Mange strikkar ikkje sjølv, men har på ønskelista si ein heimestrikka genser. Det kan vi hjelpe deg med!
Dei tradisjonelle produkta våre er strikka i 100% norsk ull frå Rauma Garn. Denne berekraftige investeringa held deg ikkje berre varm, men brukast eit heilt liv, og gå i arv i fleire generasjonar. Så om du ikkje strikkar sjølv, hjelper vi deg gjerne med å formidle kontakt med dyktige strikkarar.
Korleis bestille ein ferdigstrikka genser?
Bestill ønska modell og størrelse i nettbutikken vår. Skriv i kommentarfeltet på bestillinga at du vil ha den ferdig strikka. Vi bekreftar på e-post at vi har motteke ordren din.
Deretter sender vi garnpakken til ein av våre superdyktige strikkarar, som etter ei tid med flittig strikking, sender den ferdig strikka genseren direkte til deg. Du betaler til strikkaren, og vi håper du blir godt nøgd med produktet.
Betalinga av ferdigstrikk skjer altså i to omganger.
Prisen er for sjølve strikkinga. Garnpakken kjem i tillegg.
Vil du strikke for Hjørundfjordstrikk? Sjå her: https://hjorundfjordstrikk.no/kategori/strikke-for-hjorundfjordstrikk/
God strikkeetikk: Har du eit design frå Hjørundfjordstrikk er det denne bedrifta som skal sitte igjen med den økonomiske gevinsten av dette. Kjøp derfor garnet frå oss uansett om du finn deg ein strikkar på eiga hand (og som likevel har mønsteret). Vil de ha Hjørundfjordstrikk i framtida, er det avgjerande at ingen tek snarvegar rundt våre design.
Marita Bett Aakre er kvinna bak Hjørundfjordstrikk, som drivast frå slektsgarden Bakketunet. Les meir om Bakketunet på www.bakketunet.com