NA

BAKKETUNET

Produsent

click show
  • Loading

Hjørundfjordstrikk AS blei etablert i 2020 med Bakketunet på Bjørke som sin fødestad. Bakgrunnen for satsinga var å gi ut eit geografisk strikkedesign tilhøyrande Hjørundfjorden.

Hjørundfjordgenseren blei lansert i september 2020 og står stødig mellom mylderet av strikkedesign, og har sidan dag ein nådd ut til eit stort nasjonalt publikum. I år blir genseren litt meir internasjonal.

I Bakketunet har vi i sommarhalvåret strikkebutikk med Hjørundfjordstrikk sine produkt. 

Tunet byr ikkje berre på strikkebutikk, men har kunst- og handverksutstillingar. 

Individuelt besøkande

Vi har strikkebutikk i Bakketunet som har ope søndagar kl. 12 - 17 i sommarhalvåret. Då tek vi imot individuelt besøkande. 

Utan om opningstidene er det viktig at du gjer ei avtale om besøk. 

Gruppebesøk

Er du med i eit husflidlag eller ein annan organisasjon som har interesse for kulturarv er Bakketunet verdt eit besøk!  

Vi anbefaler grupper å vere tidleg ute med å bestille, i sommar ventar vi mykje besøk!

Du når oss lettast ved å ringe (+47) 91 10 88 46 eller skrive e-post til maritabett@hjorundfjordstrikk.no  

Utstillingsprogram 2022: 

 

 

 

 

Bilete frå Makeløs sin catwalk i Bakketunet 2020.

Hjørundfjordstrikk har kontor og lager på Bjørke som ligg inst i Hjørundfjorden. Nettbutikk kombinert med drift av Bakketunet gir sysselsetting for fleire.  

Vare ikke funnet

Filter

Vis resultater
chat

Chat med oss

x